onsdag 30. mai 2012

Skogstorkenebb


Eksperimenterar stadig med skarpt og uskarpt. Etter masse finver er blomane perfekte. Det er likevel vanskeleg å ta gode bilder syns eg. Blomar er utruleg vakre, men dei held på løyndomane sine. Dei lar seg ikkje berre knipsa. Ein må ha tid til dei, så kan det bli vakkert, akkurat som med ungane og kåno. 


søndag 20. mai 2012

Sommar på veg






Kvitveisen syng på siste verset. I går vart det nydeleg solskin på kvelden. Måtte ein tur ut i skogen og fanga våren for siste gong i år. Litt hekta på kvitveis, men det er vel ikkje det verste å bli hekta på. Har streva med å ta gode bilder i det siste, får sånn dårleg følelse i magen når minnekortet er fullt av nesten-bilder. Men desse lika eg, av og til er det berre der, uforklarleg og godt. 


Fotofakta: Første og tredje bildet er tatt uten blitz det andre med. Tele-macro 200 mm, blender 4.


torsdag 17. mai 2012

17.mai











Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma
lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma
Lat folket som brøder saman bu
som kristne det kan seg søma


Vil Gud ikkje vera bygningsmann
me fåfengt på huset byggja
vil Gud ikkje verja by og land
kan vaktmann oss ikkje tryggja
Så vakta oss Gud så me kan bu
i heimen med fred og hyggja


Litt styr med 17. mai i Bergen med 7 grader og regn, mykje tuting og fløyting og logistikk. Likevel vil eg feira, gå i tog, ropa hurra. Hvis eg kunne velja, ville eg nok dratt til Finse og gått i toget på Hardangerjøkulen, men det passar ikkje i år. Uansett vil eg feira, eta 17.mai-frokost med naboane, kjøpa is, treffa venner og kjente og ha fest. Det er blitt litt tydeleg i det siste at fred, frihet, vennskap, glede og liv ikkje er sjølvsagt.
Siste bildet i serien er frå Sandhornøya, der Elias Blix vaks opp, det er han som har skreve Fedrelandssalmen. No har eg sunge sju vers av den ved pianoet oppe i stova, og Aurora sa: «Kan du synge den sangen en gang til, pappa!» Barna er verdt å lytta til. 








søndag 29. april 2012

strålande sol






Blir ikkje lei av vårblomane. Noken syns sikkert eg er sær eller nerd. Jaja det er eg sikkert også der eg sit på huk i timar. Laushundane syns i alle fall eg er rar, dei må bort og sjå og snusa og kanskje gjøy litt på meg. Det går jo ikkje an å oppføra seg sånn, sitja krylbøygd i myra og glana inn i kamera. Når ein er i skogen skal ein gå i jevnt tempo, opp skaret, opp på Ulriken og ned igjen, med pulsklokke og tettsitjande bukse og full guff med musikk på øyro.  

Men eg må sitja ned og sjå, studera desse jomfruelege kvite som strekkjer seg mot sola og himmelen. Dei har ein ynde som eg ikkje kan forklara, og som eg strevar med å prøva å fotografera. Eg vil fanga skjønnheten, men dei gir den ikkje frå seg utan vidare. Og så er der alltid noko meir, det tar ikkje slutt. Er kvitveisane tilfeldige eller er dei skapte? Dei kviskrar noko om det for den som vil sjå og høyra.


torsdag 26. april 2012

Blått






Eg må leggja ut noken blåe bilder. Det er april, og eg kan ikkje venta heilt til neste vår. Siste fem åra har eg kvar vår tatt ein tur austover. Eg må berre sjå desse knall blå under som veks rett opp av det visne lauvet frå i fjor. Å liggja strak ut på magen og leika med skarpt og uskarpt i blåtonar så lenge eg har lyst, det er ikkje så verst liv. Men ein kveld var det ein som forstyrra meg.  I solnedgangen kom ein raudstrupe og sette seg på ei grein to meter frå meg. Og den hadde masse på hjarta. Det var akkurat som om den ville sei meg eit alvorsord. Såg meg rett i auga og song sin vesle tale for meg. På bildet er han akkurat ferdig med talen, og sit berre og tenkjer på om han har fått sagt alt, det kan du vel sjå :-)


mandag 23. april 2012

100 meter frå stovedøra…


Ja, bildene er tatt cirka hundre meter frå det nye huset vårt i Lægdesvingen. Fint å ha Ulriken i hagen. Har sykla og gått forbi desse rekkehusa mange gonger, og innerst inne drømt om å bu her, men tenkte at det ikkje var mulig. Men det var det :-) Perfekt beliggenhet for ein mann som lengtar litt ut på landet og ei kone som er litt urban og likar å gå på café. (PS! I går var ho også på Ulriken.) Men altså… huset i Lægdesvingen opplevest som ei stor, stor gåve. I dag vakna eg til intens fuglesong, det kling betre i øyra mitt enn leddbussane i Nattlandsveien. 


lørdag 21. april 2012

Magisk vårkveld på Ulriken...




Eg trudde ikkje det vart noko fotografering denne kvelden. Det har vore så kaldt, og våren har liksom ikkje våga seg heilt ut. Eg gjekk oppover mot Ulriken, tenkte eg kunne heller ta ein god trimtur enn å gå nede i skogen og leita etter våren før den var komen skikkeleg fram. 

Oppover bar det. Men etterkvart som eg nærma meg toppen vart det meir og meir kald austavind. Har jo alltid lyst til topps, men denne gongen snudde eg faktisk. Eg såg at sola var på veg ned og at den snart ville koma fram bakom skyene. På veg nedover song fuglane så nydeleg, dei har sikkert lengta etter våren dei også. Utruleg kor dei kan improvisere. 


Joda, sola kom raud og fin, perfekt som bakgrunn for kvitveis. Men eg fann ingen som eg kunne få sola bakom. Kvitveisen veks liksom ikkje på høgaste haugane. Jo der fann eg ein stad, ruska vekk blåbærlyng som skygde for sola og la meg ned med macro-objektivet. 200 mm var førstevalget, og det traff bra. Etterkvart vart det eit skikkeleg kick å liggja der og kikka på blomane i solnedgangen. Syns bilda fekk med seg litt av stemningen eg opplevde. Våren, underet som blir meir ufatteleg og kjært for kvart år.  I desse krisetider gjer det godt å vera ute i naturen, langt frå media sine rystande ord og bilder. Få noken hint frå fuglane og kvitveisane, dei syng ein song om mjuke hjarte, framtid og håp.