Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma lat lysa din fred frå fjell til strand og vetter for vårsol røma Lat folket som brøder saman bu som kristne det kan seg søma
Vil Gud ikkje vera bygningsmann me fåfengt på huset byggja vil Gud ikkje verja by og land kan vaktmann oss ikkje tryggja Så vakta oss Gud så me kan bu i heimen med fred og hyggja
Litt styr med 17. mai i Bergen med 7 grader og regn, mykje tuting og fløyting og logistikk. Likevel vil eg feira, gå i tog, ropa hurra. Hvis eg kunne velja, ville eg nok dratt til Finse og gått i toget på Hardangerjøkulen, men det passar ikkje i år. Uansett vil eg feira, eta 17.mai-frokost med naboane, kjøpa is, treffa venner og kjente og ha fest. Det er blitt litt tydeleg i det siste at fred, frihet, vennskap, glede og liv ikkje er sjølvsagt. Siste bildet i serien er frå Sandhornøya, der Elias Blix vaks opp, det er han som har skreve Fedrelandssalmen. No har eg sunge sju vers av den ved pianoet oppe i stova, og Aurora sa: «Kan du synge den sangen en gang til, pappa!» Barna er verdt å lytta til.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar