søndag 22. desember 2013

Siesta
















Heilt tomt i huset, og her sit eg åleine i stillheten. Det er svært sjeldan om dagen, men no har eg eit heilt døgn åleine. Eg har kikka gjennom litt av årets bilder i 2013 mappa mi. Eg har presentert ein del på blogg, facebook og anna. Fekk lyst å leggja ut nokre av dei som akkurat ikkje gjekk gjennom mitt eige nålauga for den type visning. Eg har gitt dei 4 av 5 stjerner, så eg er ikkje misfornøgd med dei. Kanskje nokre av dei står seg bedre over tid enn dei eg valgte i første omgang.
Dei fleste er tatt i nærområdet, nokre få er frå Island. 

Ønskjer dåke ei god jul og god tid til å sjå det vakre, det underlege og det fascinerande i naturen. Det kan jo passa bra når vi feirar skaparen av alt dette som kom og landa i ein fattig stall. 

søndag 1. desember 2013

November-feel







November har mykje å by på. Veksling mellom snø og bart, restar av haust som heng igjen. Nakne greiner og kvite strå. Her er nokre inntrykk frå småturar i nærmiljøet.