lørdag 30. oktober 2021

Gull







små smykke
skjøre
gule
snart borte
midt i storm og regn ligg dei der og lyser
minnar om det skjøre livet
alt det vakre 
som snart tek slutt
minnar om å ta imot 
leite etter gull 
i kuling og plaskregn

søndag 14. juni 2020

Kortreist lukke i Hardanger


Draumen vart levande. To karar sykla frå Bergen onsdag morgon, kom fram til Hardanger ved middagtider. Litt tilfeldig hamna vi på Nestunet gard. Vart motteken av bonden, som beklagde seg over at ikkje graset var slått, og fortalde og fortalde om gamle hus, om store hole eiketre som grisane gøymde seg i, om slåtteenger av gamal sort som måtte stellast på særskilt vis, om å plukke blåveis oppe i lia om våren, om eit klyngjetun på 18 hus, og mykje mykje meir.
Vi fekk losji for ein billig penge. Eit heilt hus med fire soverom, kjøkken, bad og to stover. Utanfor døra vaks der liljekonvall, i trea song fuglane, og bystresset ramla av oss frå første stund.

Vi tusla rundt mellom gamle epletre, i fordums blomsterenger.
Her vaks så mykje vakkert og så mykje rart.

Dette er gras, hjartegras. Så vakkert. Det veks i slåtteenger. Men nesten alle dei er borte. Langorven og riva er bytt ut med forhaustar og traktorar. For at slåtteengene skal bli artsrike må ein tørke høyet på bakken, snu det, rake i såter og breie det ut om morgonen. Då får alle blomane frøa seg skikkeleg og nye kan koma neste år. Dette lærte vi også av bonden på Nestunet gard.


Neste dag. Vakne i det stille vakre rommet med utsikt mot edellauvskog og snødekte fjell i det fjerne. Finne fram gode bøker, bibel og djupt tenkte skrifter. Bruke lang tid på å vakne og lese, fordøye levd liv og stake ut ny kurs. Ein slik stad smittar av lyst til å leve og forstå.


I kveldinga stige opp til ein vidunderleg fjelltopp. (Vesoldo 1046m). Prate, sveitte, gå, sjå, puste, ligge i lyngen og sjå på skyene, fotografere, oppdage, kjenne varm sommarluft mot nakne legger. Vi møtte to menneske på åtte timar. Koronaviruset må gi opp for slike vakre fjelltoppar.


Etterkvart som sola kom lågare og lågare på himmelen vart lyset finare og finare for å fotografere, feste noken inntrykk av alt det som finst der oppe. Ta det med heim og la det fortsetje å leve.


Primula scandinavica, fjellnøkleblom, ein sjeldan vakker liten blom som vaknar i fjellet like etter at snøen har smelta. Derfor er det ikkje så mange som får den med seg. Den får siste ord i denne vesle soga. Med all sin ynde fortel den historiar som er verdt å ta med heim til Bergen.

onsdag 5. desember 2018

novemberlys








Frostnetter
strør sine vakre krystallar 
over alt brunt, grått og vissent.
Finn fram det beste
i triste bladlause tre.
Til slutt kjem kveldssola
og lagar bakgrunnsfargen.
Snakk om styling.

lørdag 20. oktober 2018

haustrefleksjon

kveldsstemning frå Landåsfjellet
med haustfargar
og djupe blåtonar

eitt lite ospelauv
hadde 
så mykje på hjartet





fredag 10. august 2018

Arctic light

Some impressions from my summer trip to Kjerringøy in Nordland and Henningsvær in Lofoten. Not far from Paradise. I have to move there some day and just stay.