onsdag 11. juli 2012

Sommarkveldar










Eg høyrer det regnar i Oslo og i Sverige. «Røm frå regnet no, 28 grader i Hellas», står det på nettet. Alle media snakkar om regnet og den dårlege sommaren. Men i Bergen har vi hatt fint sommarver. Kven sku tru det. Velsigna å tusle med fotoutstyret på stille seine kveldar. Blomar og strå blir ekstra fine etter mange stille soldagar: myrull, bittekonvall og nattfiol. 

lørdag 7. juli 2012

Tre







Av og til gjer eg noko heilt anna. Berre leikar med trea og himmelen seint på kvelden. Mørk blå himmel, svarte tre. To fargar er ofte meir enn nok. Ikkje alltid, men av og til. La auga kvila ved former og mønster, blått blått blått. Innimellom er det godt at livet er litt enkelt også. Eta, sova, prata. Ingen ting ein skal rekka, ingen fly som skal gå snart, ingen stressa musikk i øyra. Berre vera i ro. Møta seg sjølv, møta livet, ausa hjarta tomt for sorger, ta imot gleda.

tirsdag 26. juni 2012

Hjerter





Ei lita jente kom til oss søndag morgon, 2910 gram, 50 centimeter. Utruleg å stå med eit sånt lite under i hendene, og kikka inn i dei mørke, nysgjerrige og rolege augene. Så tett på livet, kan ikkje forstå det, må berre ta imot det. Motivvalget på dagens vesle fototur vart visst prega av hendinga. 


søndag 10. juni 2012

Årets siste skitur?








Har drøymt om dette heile våren, å få ta ein tur i shorts og T-skjorte på ski! Været har vore bra sidan 17.mai, men tida og prioriteringane har måtta gå ein annan veg. Eg har av og til sett desse turkise dammane som legg seg oppå den kvite snøen. Eg er berre betatt av den fargen, kan ikkje heilt forklara det. Naturen er liksom litt småfrekk i fargebruken.
Så i går labba eg i veg, ein time til fots, og ein time eller to til på ski, så var eg der. Godt og vel 1000 meters høgde, over siste kammen, og så var eg spent. Hadde ein teori om at tininga hadde laga akkurat det eg var på jakt etter. Yes! Tre fire fine dammar med knallturkis farge, overskya varmt ver. Så der spratt eg rundt i shortsen og knipsa i veg. Gauken nede i dalen gol «ko-ko ko-ko» i eitt sett, og det er kanskje det eg er, men når eg kjørte telemark ned brattliene i shorts etterpå så var ikkje det så farleg.

tirsdag 5. juni 2012

Nøysom skjønnhet




Rett opp av bergsprekkene veks dei, sjølv om det ikkje hadde kome regn på to veker då bilda vart tatt. Strandnelliken pyntar heile kysten no, i slutten av mai og starten av juni. Eg har ein favorittstad, der dei blankskurte berga er nesten kvite, så langt ute at det ikkje er trygt i stormver. Der ligg eg på magen og leikar med kvitt, grått og rosa. Syns dei fargane passar i lag. Så godt å kome ut til vinden og havet. Vekk frå stress og asfalt. Eg møtte ein gammal mann ein gong, han hadde mista kona si. Han delte sin dyrkjøpte visdom med meg. – Gled deg over at du har noken å koma heim til, det er ei stor gåve! – Og kom deg ut i naturen, fortsette han, der er det alltid livslyst og glede å hente.

lørdag 2. juni 2012

Hardanger


Hardanger tidleg i juni, ord blir fattige.
Blå fjord, lysegrøne lier, snøkvite fjell.
Skulle eigentleg vore heime, så forkjøla som eg var, men eg måtte avgarde.
Tutla meg oppover, slakk i kroppen, men fekk nye krefter av alt det vakre rundt meg.
Frå 500 meters høgde møtte eg våren i fjellet, dei tidlege fjellblomane.
Dei er av det vakraste slaget.
Små, yndige og reine, der dei står mellom snøfonnene.