Hardanger tidleg i juni, ord blir fattige. Blå fjord, lysegrøne lier, snøkvite fjell. Skulle eigentleg vore heime, så forkjøla som eg var, men eg måtte avgarde. Tutla meg oppover, slakk i kroppen, men fekk nye krefter av alt det vakre rundt meg. Frå 500 meters høgde møtte eg våren i fjellet, dei tidlege fjellblomane. Dei er av det vakraste slaget. Små, yndige og reine, der dei står mellom snøfonnene.
|
Flott bildeserie dette. Tviler ikke på at det er fantastisk i Hardanger på denne tiden. Har spesielt sans for de to landskapsbildene og det siste blomsterbildet.
SvarSlett