Magnar Børnes fotoblogg
lørdag 5. mai 2018
kvitt
nokre hundre meter frå stova
står det tett i tett med små under
våren har tatt over skogbotnen
to tre timar i alt det kvite
varer ei veke inne i meg
fredag 27. april 2018
Blå mani
eg klarar ikkje slutta
eg er hekta
på blå små under
eg reiser 50 mil
må opp klokka seks
og får flåttbitt
såre kne og albogar
er det verdt det
ja
mandag 5. mars 2018
vintertøys
Berre gå der i sola,
med kameraet
det er ingen motiv
men plutseleg er der mange
skuggar og greiner lagar mønster
striper, lyst og mørkt
isen har sin eigen fargepalett
litt psykedelisk og litt neon
vasa rundt i skogen
og få endå eit glimt
av kreativiteten
som boblar i veg utanfor allfarveg
onsdag 21. februar 2018
februar
mandag 8. januar 2018
Kunstis
Når temperaturen kryp under null
er vatnet i det kreative hjørnet
På små pyttar og dammar
lagar det seg ei utstilling
som nesten igen ser
eg fekk ei omvisning
heilt gratis
med kunstnaren
ved mi side
søndag 10. desember 2017
blå tonar
Fjellet har tatt på lyddemping
berre den vakraste musikk høyrest
av snøfnugg
som treff bakken
den finaste perkjusjon
spelar opp til høgtid
for ein stressa julemann
lørdag 25. november 2017
vinterfornemmelser
kald snø på nasa
kvitt og lyst i skogen
stille
blått
kvitt
ei kribling i kroppen
vinter på veg
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)