søndag 11. mai 2014

Vårdryss





 








 

Eit knippe bilder, tatt siste vekene. Blomar og born som spring ut. Små oasar i ein hektisk kvardag.

torsdag 17. april 2014

det magiske landet enno ein gong















Åleinetur til Island tidleg i april. Eg hadde tre døgn på øya. Denne gongen hadde eg berre eitt mål, Jøkulsarlon. Det er ein stad eg ikkje blir ferdig med, ikkje på lenge enno. Å vandre åleine i landskap av is, stein og sjø er balsam for mitt minimalistiske sinn. Kvar gong eg er der openberrar det seg noken nye løyndomar. Som å finna ein ny liten isfjellsjø, utanom allfarveg, med berre eit lomepar som selskap, eller merkelege mønster inne i isklumpar som kanskje er tusen år gamle. I´ll be back soon! 

onsdag 12. mars 2014

Mosaikk




Ein kjapp tur på Ulriken i kveld innimellom alt anna. Strålande sol og vår på gang. Framleis litt is på vatn og pyttar der oppe. Is som smeltar lagar spennande mønster. Eg er litt hekta på sånne mønster, veit ikkje heilt kvifor, men det er jo uendeleg med former og linjer. Abstrakte og på ein måte litt utømmelege former. Mange vil nok sei at der burde vore eit punkt i bildet som ein kunne festa blikket på, kanskje dei har rett, men eg syns det er litt deilig når det ikkje er det også, så kan ein sjå på alle dei små detaljane og linjene. 

søndag 2. februar 2014

Flyktige landskap









I dag var det kuling og regn. Isen som har laga seg til i fleire veker smeltar sakte. Men i dette veret viser den fram nye sider. Når isen blir blank og gjennomsiktig av rennande reine vassdråpar kjem det fram nye mønster og fargar, særleg hvis ein kjem seg på baksida av istappane. Det vart ei våt vandring i nye mikrounivers. Men så artig å få lov til det. 

søndag 22. desember 2013

Siesta
















Heilt tomt i huset, og her sit eg åleine i stillheten. Det er svært sjeldan om dagen, men no har eg eit heilt døgn åleine. Eg har kikka gjennom litt av årets bilder i 2013 mappa mi. Eg har presentert ein del på blogg, facebook og anna. Fekk lyst å leggja ut nokre av dei som akkurat ikkje gjekk gjennom mitt eige nålauga for den type visning. Eg har gitt dei 4 av 5 stjerner, så eg er ikkje misfornøgd med dei. Kanskje nokre av dei står seg bedre over tid enn dei eg valgte i første omgang.
Dei fleste er tatt i nærområdet, nokre få er frå Island. 

Ønskjer dåke ei god jul og god tid til å sjå det vakre, det underlege og det fascinerande i naturen. Det kan jo passa bra når vi feirar skaparen av alt dette som kom og landa i ein fattig stall. 

søndag 1. desember 2013

November-feel







November har mykje å by på. Veksling mellom snø og bart, restar av haust som heng igjen. Nakne greiner og kvite strå. Her er nokre inntrykk frå småturar i nærmiljøet.