onsdag 21. november 2012
Himmel og hav
Tung fotosekk, ull, goretex, fjellsko, hodelykt, mat, hue vottar, stativ. Søndag var eg klar for kuling og haglebyger i havgapet. Herleg! Dramatiske skiftingar, glatte steinar, solgløtt, svære turkise bølgjer som dengjer mot fjellet. Blir ikkje lei av det. Syns det er vanskeleg å få dei gode bilda, sjelden eg blir fornøgd, men opplevelsen er magnifique :-)
søndag 28. oktober 2012
Måneskinnsmakro
Eg er litt mørkredd. Og eg har hatt ein draum om å ta makrobilder i måneskinn. I går kveld måtte angsten vike for lidenskapen. Tusla oppover Landåsfjellet i solnedgangen. Hadde sjekka at månen kom opp stor og rund i rette tid. Etter kvart som det mørkna tok månen over heile fjellet. Hadde ei herleg stund i det sølvfarga snølandskapet.
tirsdag 23. oktober 2012
OSP
søndag 30. september 2012
Sommarfuggel i vinterland
Nordland er så vakkert at ein får stadig vondt av å ikkje vera der. I sommar vart det ein tur. Litt dårleg timing med været i starten. Storm og regn og innstilte Lofot-ferjer. Hadde med dei to eldste jentene. Til pappas store glede storkosa dei seg i nord trass regn og harde vindkast.
tirsdag 18. september 2012
Vatn
Eigentleg for gammal til å leika med vatn, men men. Dette er altså bobler m fotograf inni (1), sjø som sola speglar seg i (2 og 3), ein liten sildrebekk (4, 6 og 7) og sjøsprøyt (5). Når det kjem 500 mm regn siste 30 døgn må me jo finna på noko gøy :-) Haustfargar blir det nok lite av i Bergensområdet.
onsdag 12. september 2012
Bergensbanen
Bergensbanen er ei oppleving. Særleg mellom Geilo og Bergen. Sat på toget og leika med kamera og lange lukkartider. Dei fleste bilda er tatt rundt Finse, syns det er ein vakker plass på jord.
tirsdag 28. august 2012
Morgonstund 2
Abonner på:
Innlegg (Atom)













































