søndag 28. oktober 2012

Måneskinnsmakro







Eg er litt mørkredd. Og eg har hatt ein draum om å ta makrobilder i måneskinn. I går kveld måtte angsten vike for lidenskapen. Tusla oppover Landåsfjellet i solnedgangen. Hadde sjekka at månen kom opp stor og rund i rette tid. Etter kvart som det mørkna tok månen over heile fjellet. Hadde ei herleg stund i det sølvfarga snølandskapet. 

tirsdag 23. oktober 2012

OSP

 



Osp er ein favoritt. Kvar haust må eg ut og kikka. Kva fargar er det på ospa i år? Av og til er det berre gult og grønt, men stadig dukkar det opp oransje, raudt, fiolett og allslags nyansar imellom. Og så er dei så vakre, med sine tynne stilkar og perfekt forma blad. 




søndag 30. september 2012

Sommarfuggel i vinterland


Nordland er så vakkert at ein får stadig vondt av å ikkje vera der. I sommar vart det ein tur. Litt dårleg timing med været i starten. Storm og regn og innstilte Lofot-ferjer. Hadde med dei to eldste jentene. Til pappas store glede storkosa dei seg i nord trass regn og harde vindkast.

tirsdag 18. september 2012

Vatn








Eigentleg for gammal til å leika med vatn, men men.  Dette er altså bobler m fotograf inni (1), sjø som sola speglar seg i (2 og 3), ein liten sildrebekk (4, 6 og 7) og sjøsprøyt (5). Når det kjem 500 mm regn siste 30 døgn må me jo finna på noko gøy :-)  Haustfargar blir det nok lite av i Bergensområdet. 

onsdag 12. september 2012

Bergensbanen









Bergensbanen er ei oppleving. Særleg mellom Geilo og Bergen. Sat på toget og leika med kamera og lange lukkartider. Dei fleste bilda er tatt rundt Finse, syns det er ein vakker plass på jord.

tirsdag 28. august 2012

Morgonstund 2










Tatt same morgon som forrige serie, men eit litt anna fokus, eller litt ute av fokus?  Eg trivest kanskje endå bedre med å ta denne type bilder, når det blir litt rundt i kantane. 







søndag 26. august 2012

Morgonstund







Vart vekt av vesle Luna på 2 månader sånn litt før fem om morgonen. Ho var jo svolten så klart. Etter å ha kikka ut glaset kunne eg ikkje gå tilbake til senga. Oppe på fjellet var det heilt stille, dogg overalt og skodde over vatna. I mange timar var eg heilt åleine i sommarmorgonen. Skal ikkje sova bort sommarnatta…