onsdag 22. april 2015
torsdag 5. mars 2015
blå kveld
Ved ei av Norges vakraste sandstrender, blågrøne bølgjer som roleg stig opp og bryt innover i den blå vinterkvelden. Godt å berre stå der og prøva å fanga magien i desse rolege, vakre bevegelsane.
mandag 9. februar 2015
etter stormen
Dagens tur i havgapet var med liten forventning. Det var grått overalt. Skodde, småregn og stille.
Eg håpa at det var stilt heilt ut i havet, då kan det bli litt fine vassflater og speglingar å leika med.
Men då eg kom ut, blåste det akkurat litt for mykje for den type motiv.
Men då eg kom ut, blåste det akkurat litt for mykje for den type motiv.
Likevel godt å gå utover og bli friska opp av kaldt regn og sjøluft i ansiktet.
Fotomotiv var det smått med.
Plutseleg ser eg blå himmel inni skoddeheimen. Verken yr.no eller storm.no har meldt sol i dag.
Men kjem du langt nok vest i havet er det ofte meir sol enn ein skulle tru.
Det vart noken fine timar med skiftande sol og skodde og spennande lys.
Etterkvart vart det nesten stilt med vinden. Likevel var der 3-4 meter høge bølgjer på havet.
Dei fortalde at det hadde vore ein heftig storm for ei tid sidan.
Godt når det blir stille så lenge at gamle stormbølgjer omsider får finna ro.
torsdag 15. januar 2015
Vill vest
Frå vinterens vandringar vest i havet
Skiftande frå haglbyger til solskin
Bølgjer frå 3 til 15 meter
farlege og ubereknelege,
men så vakre der dei bryt
i kvitt og blått og grønt.
Timar med vind og havbrus
gir fred i kropp og sjel.
onsdag 29. oktober 2014
Blad Blad Blad
Frå dagens vesle fototur i skogen ovanfor huset. Når det berre heng nokre få blad igjen på trea, blir det ein eigen stemning i skogen. Blada lyser nærmast innimellom alle dei mørke stammene. Dei siste blada har også gjerne små hol i seg som er artige for ein fotograf å leika med...
søndag 22. juni 2014
Draumefjell
Når du går tur på byfjella i Bergen seier folk vanlegvis hei. Hvis det er søndag og mykje folk seier dei ikkje hei. Når du går tur i Hardanger treff du kanskje 2 menneske på heile turen, då pratar dei i tre minutt.
Rart at ikkje fleire går her, tenkjer eg. Det er laurdag, skuleferien er nett starta, og veret er akkurat passe småkaldt til å trakka opp bratte fjellsider. Å gå frå fjord til fjell med utsikt over Hardanger, Folgefonna, Hardangerjøkulen og havet heilt ute i vest er sælebot for kropp og sjel. Det er fint med Ulriken, men dette er noko anna.
Eg har litt rare draumar. Ein av dei er å ta bilde av reinroser med Folgefonna og Hardangerfjella som dus bakgrunn. Eg har prøvd på det noken gonger. Dei må stå på ein haug, stå i full blomst, og der må ikkje vera for mykje krimskrams som øydelegg bildet. Denne gogen trudde eg at eg var for seint ute. Reinrosene blømer tidleg, og dei veks ikkje i alle fjell.
I dag er eg klar for Vesoldo, 1050m over havet. Her er kalkrik jord og mykje spennande fjellflora. Som forventa er reinrosene avblømt. Fjellnøkleblomen er også borte. Eg brukar å vera her rundt 1. juni, men i år har det vore så travelt. Bonusen er at eg får møta ein annan flora. Bergfrua, Norges nasjonalblomst står i full blom. Den veks rett ut frå berget med titalls, kanskje hundre små kvite blomar. Elles finn eg blant anna gulsildre, stjernesildre, brudespore, nattfiol og perlevintergrønn.

![]() |
Sauer høgt til fjells, det er eit godt vermerke. |
![]() |
Utsikt mot Folgefonna på andre sida av fjorden. |
Eg har litt rare draumar. Ein av dei er å ta bilde av reinroser med Folgefonna og Hardangerfjella som dus bakgrunn. Eg har prøvd på det noken gonger. Dei må stå på ein haug, stå i full blomst, og der må ikkje vera for mykje krimskrams som øydelegg bildet. Denne gogen trudde eg at eg var for seint ute. Reinrosene blømer tidleg, og dei veks ikkje i alle fjell.
I dag er eg klar for Vesoldo, 1050m over havet. Her er kalkrik jord og mykje spennande fjellflora. Som forventa er reinrosene avblømt. Fjellnøkleblomen er også borte. Eg brukar å vera her rundt 1. juni, men i år har det vore så travelt. Bonusen er at eg får møta ein annan flora. Bergfrua, Norges nasjonalblomst står i full blom. Den veks rett ut frå berget med titalls, kanskje hundre små kvite blomar. Elles finn eg blant anna gulsildre, stjernesildre, brudespore, nattfiol og perlevintergrønn.
![]() |
Bergfrue, norges nasjonalblomst |
![]() |
Bergfrue mot blå himmel |
![]() |
Stjernesildre er ein vanleg bitteliten fjellplante, som er utruleg vakker om du har ro til å setja deg ned og kikka på den. |
![]() |
Ein heilt grønn orkidé fann eg også høgt til fjells, men kjenner ikkje navnet på den. |
Eg traskar på, litt lei meg for det med reinrosa, men syns eg har fått ein nydeleg tur med alt det andre eg har fått sett. Eg går ei litt anna rute, utanom den vanlege stien.
Når eg kjem så høgt at det ligg snøfonner ser eg det lyser i kvite blomar. Det kan vel ikkje vera…, jo det er reinroser! Dei er ikkje heilt tipp-topp, litt visna i midten. Eg prøver å ta noken bilder, men dei blir ikkje så bra.
Eg nærmar meg toppen og er ganske sliten. Eg set meg ned og tek ein matbit. Det er godt å sitje her, med utsikt mot fjord og fonn, og litt godsaker i sekken. Då ser eg dei plutseleg. Dei står på ei lita tue, nesten perfekte reinroser, så perfekt som det går an å bli i tusen meters høgde. Dei står akkurat på kammen slik at eg kan få hardangerfjell og Folgefonna som bakgrunn. Eg slengjer meg ned i lyngen og blir liggjande til nakken blir øm.
![]() |
Reinroser mot bre og blåner. |
![]() |
Rosehage i 1000 meters høgde. |
Det fine med å følgja draumar, er at draumen ofte dreg med seg ting som ein ikkje har drøymt om.
søndag 11. mai 2014
Vårdryss
Eit knippe bilder, tatt siste vekene. Blomar og born som spring ut. Små oasar i ein hektisk kvardag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)