I dag var det kuling og regn. Isen som har laga seg til i fleire veker smeltar sakte. Men i dette veret viser den fram nye sider. Når isen blir blank og gjennomsiktig av rennande reine vassdråpar kjem det fram nye mønster og fargar, særleg hvis ein kjem seg på baksida av istappane. Det vart ei våt vandring i nye mikrounivers. Men så artig å få lov til det.
søndag 2. februar 2014
søndag 22. desember 2013
Siesta
Heilt tomt i huset, og her sit eg åleine i stillheten. Det er svært sjeldan om dagen, men no har eg eit heilt døgn åleine. Eg har kikka gjennom litt av årets bilder i 2013 mappa mi. Eg har presentert ein del på blogg, facebook og anna. Fekk lyst å leggja ut nokre av dei som akkurat ikkje gjekk gjennom mitt eige nålauga for den type visning. Eg har gitt dei 4 av 5 stjerner, så eg er ikkje misfornøgd med dei. Kanskje nokre av dei står seg bedre over tid enn dei eg valgte i første omgang.
Dei fleste er tatt i nærområdet, nokre få er frå Island.
Ønskjer dåke ei god jul og god tid til å sjå det vakre, det underlege og det fascinerande i naturen. Det kan jo passa bra når vi feirar skaparen av alt dette som kom og landa i ein fattig stall.
søndag 1. desember 2013
November-feel
November har mykje å by på. Veksling mellom snø og bart, restar av haust som heng igjen. Nakne greiner og kvite strå. Her er nokre inntrykk frå småturar i nærmiljøet.
søndag 20. oktober 2013
Siste bladet.
Ein fin haustdag, men hadde ikkje tid å gå ut før det vart kveld. Då vart det månekinstur med lykt. Vanskeleg å få gode bilder, heilt til dette vesle lauvet dukka opp, då vart eg sitjande med makro-objektivet midt oppi eit brakekratt til eg fekk vondt både her og der. Det var det siste lauvet på den greina, og det stod heilt på toppen. Det hadde nok venta på fotografen :-)
mandag 7. oktober 2013
Riverdance
Det var ikkje dagen for gode bilder. Eg kom meg ikkje tidleg nok opp, gjorde eit mislukka stopp på veg til fjellet, og skyene som var meldt kom ikkje. Eg hadde planar om å ta haustbilder i overkya ver, gjerne makro av raude og gule blad. Sterk sol mindre raudfargar enn forventa gjorde at eg såg for meg ein fin hausttur, men lite bilder. Som vanleg må eg gå litt utanom stien, og tusla ned til ei elv som går langsmed vegen oppover. Det vart ingen lang fjelltur, men mykje leik med elva og alt som speglar seg i den.
Alle bilda er tatt langs nokre hundre meter av elva. I botnen av elva var der kvite felt i fjellet som lagar «skyer» på himmelen i dei tre første bilda.
søndag 22. september 2013
ISLAND 2013
Ein einsleg svane og ein stille innsjø med ei tynn landstripe mot storhavet. Ei herleg lita stund. Godt å få oppleva sånne øyeblikk. Eg var på tur med mellomste jenta, Aurora. Vi var begge litt skjelven etter to dagar med ganske heftig vind. (opp mot 70 meter pr sek. stod det i avisa!). Vi møtte turistar som hadde fått bilvindauga blåst ut og bilen sandblåst på eine sida. Det var faktisk ein god del av dei. Med litt flaks, litt evne til å sjå farar på altfor god avstand og englevakt kom vi oss gjennom orkanen utan mein. Derfor litt ekstra spesielt å få denne bildeserien dagen etterpå.
tirsdag 3. september 2013
Morgon
Rota i gamle bilder. På dei to første har eg bruka full blenderåpning, for å få fine rundingar på vengene og stråa. På dei to siste er fokuset på skarphet. Gi gjerne ein lyd om ka som fungerer og ikkje :)
Kjenner at eg får lyst på ein tidleg morgontur før desse skjøre raringane forsvinn for i år.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















































