Heldt på å gi opp denne turen. Maken til kø og trafikkork overalt.
Eg sat 4 timar i bilen, mot normalt ein og ein halv. Bil er oppskrytt!
Men vest i havet var det stilt og godt. Strandnelliken står der og blømer,
som han gjer kvart år i mai-juni. Den stressar ikkje.
Velgjerande å liggja på varme svaberg og kikka på desse rosa undera
som veks rett opp frå berget.