søndag 10. mars 2013

Fugl og måne





Eg skulle eigentleg til Lofoten og fotografere nordlyset. Men vermeldigane var under ein kvar kritikk. Så då vart eg i sør. Det var ein fin kveld, sol og stilt. Solnedgangen var vakker, men bildene vart ikkje så spennande. Solnedgangar er vanskeleg å fotografera, blir ofte kjedelege bilder, sjølv om det er aldri så fint ute. Litt misfornøgd vandra eg vidare, runda eit nes, og såg fullmånen koma opp. Eg leika med månen og svanene til eg var altfor kald…



søndag 23. desember 2012

Frost








Is og frost byr på uendeleg med motiv. Eg har rota i gamle vinterbilder, og plukka ut noken meir eller mindre abstrakte julekort. Med ønskje om ei god jul med minusgrader og iskrystallar på trea! 

lørdag 1. desember 2012

Adventslys






I kveld tona julesongane over Bergen.
Tenning av julegran og tusenvis av små og store som song.
Det vart ein spesiell stemning på Landåsfjellet. 
Snødryss og kvite vidder som lyste opp av lysa frå byen.

Englene sang den
Først for markens hyrder
Skjønt fra sjel til sjel det lød
Fred over jorden
Menneske fryd deg
Oss er en evig frelser født





onsdag 21. november 2012

Himmel og hav







Tung fotosekk, ull, goretex, fjellsko, hodelykt, mat, hue vottar, stativ. Søndag var eg klar for kuling og haglebyger i havgapet. Herleg! Dramatiske skiftingar, glatte steinar, solgløtt, svære turkise bølgjer som dengjer mot fjellet. Blir ikkje lei av det. Syns det er vanskeleg å få dei gode bilda, sjelden eg blir fornøgd, men opplevelsen er magnifique :-)

søndag 28. oktober 2012

Måneskinnsmakro







Eg er litt mørkredd. Og eg har hatt ein draum om å ta makrobilder i måneskinn. I går kveld måtte angsten vike for lidenskapen. Tusla oppover Landåsfjellet i solnedgangen. Hadde sjekka at månen kom opp stor og rund i rette tid. Etter kvart som det mørkna tok månen over heile fjellet. Hadde ei herleg stund i det sølvfarga snølandskapet. 

tirsdag 23. oktober 2012

OSP

 



Osp er ein favoritt. Kvar haust må eg ut og kikka. Kva fargar er det på ospa i år? Av og til er det berre gult og grønt, men stadig dukkar det opp oransje, raudt, fiolett og allslags nyansar imellom. Og så er dei så vakre, med sine tynne stilkar og perfekt forma blad.