søndag 22. juni 2014

Draumefjell

Når du går tur på byfjella i Bergen seier folk vanlegvis hei. Hvis det er søndag og mykje folk seier dei ikkje hei. Når du går tur i Hardanger treff du kanskje 2 menneske på heile turen, då pratar dei i tre minutt.

Rart at ikkje fleire går her, tenkjer eg. Det er laurdag, skuleferien er nett starta, og veret er akkurat passe småkaldt til å trakka opp bratte fjellsider. Å gå frå fjord til fjell med utsikt over Hardanger, Folgefonna, Hardangerjøkulen og havet heilt ute i vest er sælebot for kropp og sjel. Det er fint med Ulriken, men dette er noko anna.
Sauer høgt til fjells, det er eit godt vermerke.

Utsikt mot Folgefonna på andre sida av fjorden.





Eg har litt rare draumar. Ein av dei er å ta bilde av reinroser med Folgefonna og Hardangerfjella som dus bakgrunn. Eg har prøvd på det noken gonger. Dei må stå på ein haug, stå i full blomst, og der må ikkje vera for mykje krimskrams som øydelegg bildet. Denne gogen trudde eg at eg var for seint ute. Reinrosene blømer tidleg, og dei veks ikkje i alle fjell.

I dag er eg klar for Vesoldo, 1050m over havet. Her er kalkrik jord og mykje spennande fjellflora. Som forventa er reinrosene avblømt. Fjellnøkleblomen er også borte. Eg brukar å vera her rundt 1. juni, men i år har det vore så travelt. Bonusen er at eg får møta ein annan flora. Bergfrua, Norges nasjonalblomst står i full blom. Den veks rett ut frå berget med titalls, kanskje hundre små kvite blomar. Elles finn eg  blant anna gulsildre, stjernesildre, brudespore, nattfiol og perlevintergrønn.

Bergfrue, norges nasjonalblomst

Bergfrue mot blå himmel

Stjernesildre er ein vanleg bitteliten fjellplante, som er utruleg vakker om du har ro til å setja deg ned og kikka på den.
Ein heilt grønn orkidé fann eg også høgt til fjells, men kjenner ikkje navnet på den.


Eg traskar på, litt lei meg for det med reinrosa, men syns eg har fått ein nydeleg tur med alt det andre eg har fått sett. Eg går ei litt anna rute, utanom den vanlege stien. 

Når eg kjem så høgt at det ligg snøfonner ser eg det lyser i kvite blomar. Det kan vel ikkje vera…, jo det er reinroser! Dei er ikkje heilt tipp-topp, litt visna i midten. Eg prøver å ta noken bilder, men dei blir ikkje så bra. 

Eg nærmar meg toppen og er ganske sliten. Eg set meg ned og tek ein matbit. Det er godt å sitje her, med utsikt mot fjord og fonn, og litt godsaker i sekken. Då ser eg dei plutseleg. Dei står på ei lita tue, nesten perfekte reinroser, så perfekt som det går an å bli i tusen meters høgde. Dei står akkurat på kammen slik at eg kan få hardangerfjell og Folgefonna som bakgrunn. Eg slengjer meg ned i lyngen og blir liggjande til nakken blir øm. 

Reinroser mot bre og blåner. 

Rosehage i 1000 meters høgde.


Det fine med å følgja draumar, er at draumen ofte dreg med seg ting som ein ikkje har drøymt om. 

1 kommentar:

  1. det er den draumen me ber på...
    takk for at du deler din draum og at du gjennomfører...nydelig!

    SvarSlett