torsdag 26. april 2012

Blått






Eg må leggja ut noken blåe bilder. Det er april, og eg kan ikkje venta heilt til neste vår. Siste fem åra har eg kvar vår tatt ein tur austover. Eg må berre sjå desse knall blå under som veks rett opp av det visne lauvet frå i fjor. Å liggja strak ut på magen og leika med skarpt og uskarpt i blåtonar så lenge eg har lyst, det er ikkje så verst liv. Men ein kveld var det ein som forstyrra meg.  I solnedgangen kom ein raudstrupe og sette seg på ei grein to meter frå meg. Og den hadde masse på hjarta. Det var akkurat som om den ville sei meg eit alvorsord. Såg meg rett i auga og song sin vesle tale for meg. På bildet er han akkurat ferdig med talen, og sit berre og tenkjer på om han har fått sagt alt, det kan du vel sjå :-)


4 kommentarer:

  1. Helt enig..var nettopp på Hamar og fikk fotografere blåveis på magen i skogen for første gang på hundre år..kjentes det som....vakker t som alltid hos deg på bloggen..god helg...

    SvarSlett
  2. Nydelige bilder Magnar. En herlig tid og jeg fråtser i blåveis om dagene :)

    SvarSlett
  3. Det er veldig fascinerande å få eit innblikk i kva som går føre seg under ein fototur. Kven kan vel sei nei til eit alvorsord frå ein så flott fugl?

    SvarSlett