Magnar Børnes fotoblogg
lørdag 17. oktober 2015
osp i stabel
Ein kort tur i dag, i ospeskogen,
på bakken låg vakre blad,
raude, grøne og gule.
Og innimellom var der eit blad frå i fjor,
det var nesten det vakraste,
og så var leiken i gong.
tirsdag 15. september 2015
rosa og svart
Gråstein og rosa strandnellik passar ikkje så verst i lag.
Kva hadde vel gråsteinen vore uten strandnelliken,
og kva hadde standnelliken vore uten gråsteinen.
Saman vart dei i alle fall dagens vesle motiv på ein fototur
der eg ikkje hadde venta å finna noko slikt.
Det er jo midt i september
men det bryr verken strandnelliken eller
gråsteinen seg om.
lørdag 8. august 2015
treleik
leik med sol og greiner
i kveldinga
ein vårkveld
i stille skogen
torsdag 25. juni 2015
Tett på
tett på skjønnheten
i ei junieng
blir eg berre tryggare
på at han kjenner meg
tirsdag 16. juni 2015
Pust i juni
eg fekk eit par timar
med veronika
og kjerringrokk
og ein kvitveng
takk for laget!
lørdag 13. juni 2015
hardanger
trøytt som eit fly
likevel må eg berre
opp på fjellet
vekk frå maset
besvimer eg no?
nei eg klarar litt til
sol
foss
snø
kor kjem desse kreftene frå?
eg er mykje sprekare enn i byn
tusen meter opp
utsikt til alt som er fint
springa i snøfonner
landa på ei lyngtuve
sjå rett inn i himmelen
tirsdag 26. mai 2015
Abstrakter
Vatnet går sin eigen veg, også i abstrakte uttrykk.
I kveld var eg ved eit lite vatn der det framleis låg ei snøfonn.
Himmelen skifta mellom knall blått og overskya,
og lagde saman med snøfonna og bølgjene mykje fantasifulle maleri i vatnet.
Nyere innlegg
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)