mandag 11. mai 2015

Syden uten solfaktor























Eg har vore mange gonger til syden. Eg overlever godt det. Men etter ein time i solstolen er eg svett, og har vondt i hovudet. Då har eg lyst til noko anna. Ja, eg syns det er kjekt å bade. Men eitt bad eller maks to for dagen er passeleg. Når det er førti grader i luggen må ein bada kanskje fem gonger for å unngå hetetokter.

Eg har lyst å utforske ting. Reise rundt og sjå, ta bilder, oppleve. Men det har også gitt meg tendensar til solstikk. I tretti grader opplever eg ikkje så mykje anna enn at det er varmt. Derfor reiste eg til Kreta påskeafta i år. 

Veret var bra og dårleg og alt i mellom. Sol, storm med orkan i kasta, overskya, haglbyger, bergensregn og oversvømmelse. Vi var på Kreta ei heil veke utan at det var for varmt. Vi kunne gjere ka som helst. Vi drog på sykkeltur, fjelltur, fotograferte blomar, tutla rundt og såg og opplevde øya frå strand til snøkledde tindar. 

Det var ei herleg veke, og herved anbefalt for fotografar og andre som likar å sjå.
Vi sakna ikkje solstolen, hatten eller sanden i sekken.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar